Dei aktivitetane vi listar opp her er faste aktivitetar som vi til ei kvar tid tilbyr. I tillegg har vi aktivitetar som går over kortare tidspunkt og prosjekt. Sjå under sida ” Kalender?” for å finne ut kva som no er på trappene. Me har bilete av dei fleste aktivitetar me driv, sjå bilder

 

Internasjonal Kafé

Kvar fredag på Røde Kors Huset kl 14-17 serverer vi utanlandske og norske rettar. Ein rett kvar gong. kokker fra ulike land, mat med nye og spennende smaker, som passer for liten og stor. Dette er et samarbeidsprosjekt mellom Bømlo Røde Kors, Flyktningguideprosjektet, voksenopplæringen og Frivilligsentralen

Kom innom for ein billig middag og ein god prat.

 

Jenter på tur

Kvar onsdag er vi ut å går tur.

Vi samlast på Røde Kors Huset kl 10, og alle som vil kan vere med.

 

Stavgruppe

Me er ei gruppe jenter som går på tur fra sentralidrettsanlegget på Bremnes. Kvar mandag fra kl 11 til 13.

Det er berre å møte opp

 

Natteramn-tenesta

På Bømlo er det Frivilligsentralen som driv natteramn-tenesta. Natteramane er edru vaksne som er ute der ungdomen ferdast på kveldstid i helgane. 
 

Stoltrim

Kvar torsdag møttes me til litt trim i lag med Oddbjørg fra kl 10 til 11.

Småbarns treff

Kvar Tirsdag frå 11 til 13 møtest vi  på Røde kors huset. Alle som er heima med småbarn kan delta. Lurer du på kva småbarns treff er eller vil du vere med, så møt opp eller ta kontakt med Frivilligsentralen.

 

Seniordans

Bremnes: Kvar tysdag kl 11:00-13:00 i festsalen på rådhuset .

Langevåg: Kvar mandag kl 17:00-19:00 i gymsalen på Hillestveit skole .

Alle som vil vere med er hjarteleg velkomne. Sjølv om du ikkje har den beste fysikken, kan du likevel vere med, for dette er eit nivå som dei aller fleste klarar. Har du helse til å gå, har du helse til å danse. Det er og lov å komme berre for å sjå… Midt i økta tar vi ei kaffipause.

 

Gla’klubben

Fritidsklubb for utviklingshemma siste onsdag i månaden på Røde kors huset kl 18-20. Her er det kiosk, dans og spel. Alle er hjarteleg velkomne — store og små, men vi ser helst at dei som elles treng støttekontakt også har med seg støttekontakt på fritidsklubben.


Sy og strikkekafè

Kvar torsdag fra kl 11 til 13 samles me til ein drøs og kafffitår og dei fleste har eit handarbeid med.
Det er ikkje påkrevd .
Du er hjertelig velkommen både med og uten strikketøy!