SENTRALEN

  

Bømlo Frivilligsentral vart starta 1. august 2001.
Sentralen er organisert som eit andelslag der alle andelane er eigd av Bømlo Røde Kors.
Bømlo Røde Kors utgjer majoriteten i styret til Frivilligsentralen der også kommunen har to plassar.
I Bømlo Frivilligsentral er det tilsett ein dagleg leiar i 100 % stilling. May Brit
For å kunne drive, er vi avhengige av økonomisk stønad frå Staten, Bømlo Kommune og næringslivet på Bømlo
 

Kva er ein Frivilligsentral

  

 Frivillig sentralen skal vera ein lokal møteplass, open for alle som har lyst til å delta innan frivillig arbeid.
 Sentralen skal utviklast av menneska som er knytte til sentralen.
 Sentralen skal vera eit kraftsenter og kontaktpunkt for kvart enkelt individ, lag og organisasjonar og det offentlege.
 Sentralen skal til ei kvar tid jobba ut ifrå dei lokale behov, for å kunne utvikla sentralen positivt.
 Stå for aktivitetar som skapar trivsel for ulike grupper på Bømlo.
 Stå for tiltak som motverkar isolasjon av enkelt individ.
 Som frivillig ved sentralen kan du delta ved allereie etablerte aktivitetar, eller du kan kome med forslag og ynskjer om ting DU ynskjer å vera med på.
 Som frivillig bestemmer DU kor mykje tid DU vil bidra med, me har frivillige som er med eit par timer i året, og det er dei som er med fleire gonger i veka.
 VIKTIG: Sentralen yter ikkje tenester for at du skal sleppa å ta kontakt med yrkesutøvere-for å spare pengar, sentralen er ikkje i staden for offentlege tenestetilbod, men eit supplement til dette.
 Sentralen har bruk for folk i alle aldersgrupper og med ulik bakgrunn.
Me treng folk til matlaging, hagearbeid,  song,  musikk, dikt, data, regnskap og mange andre ting. Vil du bidra til at me kan starta opp eventuelt nye tiltak eller hjelpe til med eksisterande, ta kontakt med Bømlo frivilligsentral på telefon, e-post eller stikk innom ein tur på sentralen. For dei som lurer på kor den er, så held me til på Røde Korshuset på Hollund.